See below for english

Engrosvilkår og produktinformasjon

Torheim Gard · 2026


Leverings- og fraktvilkår

For at me skal levere, må ordrestorleiken vere minst 2 000 kr.

  • Kundar med leveringsadresse i postnummer 6798: Alltid fri frakt.
  • Kundar utanfor postnummer 6798: Fast frakt 600 kr pr. levering. Fri frakt ved bestillingar over 5 000 kr.

Mindre ordrar (under 2 000 kr) kan hentast på gardsbutikken etter avtale.


Økologisk sertifisering

Garden vår er driven heilt økologisk. Alle produksjonar er godkjende av Debio, med eitt unntak: gris.

Grisene våre går ute og får økologisk kraftfôr, men er ikkje sertifiserte fordi me kjøper smågris frå ei konvensjonell besetning. Dette skuldast manglande tilgang på økologisk smågris i området vårt — eit tilhøve me jobbar med å løyse.

Heile produktsortimentet vårt er registrert hos Debio. Fleire av kjøtprodukta får likevel ikkje Debio-stempelet, fordi grisene ikkje er sertifiserte. Me brukar uansett økologisk krydder i alle kjøtvarene våre, og det går tydeleg fram av ingredienslista kva som er økologisk.


Råvarer og openheit

Torheim Gard står for open og transparent produksjon — både primær og sekundær. Det er viktig for oss at alle veit kva maten inneheld og korleis han blir laga.

Råvarene kjem så langt det er mogleg frå garden, eller frå produsentar me kjenner. Om du eller kundane dine har spørsmål — om opphav, prosess, ingrediensar eller noko anna — er me tilgjengelege og svarar gjerne.


Tilsetjingar

Me ønskjer å tilby matvarer med minst mogleg prosessering og færrast mogleg tilsetjingsstoff. Det aller meste av sortimentet vårt er bygd opp av reine råvarer åleine.

Når me likevel brukar tilsetjingar, har det alltid ein konkret grunn. Her er full oversikt:

Stoff Funksjon Brukt i
Potetmjøl Bind feitt og fukt Kjøtprodukt (pølser, burgarar, pastei)
Sulfitt Hindrar oksidering og eddikdanning Sider
Askorbinsyre (Vitamin C) Bevarar den naturlege fargen frå bæra Hagebris
Sitronsyre og eplesyre pH-regulator Hovudsakleg Hagebris, Louisiana Lemonade og Humlevatn — kan òg førekome i sider

Haldbarheit

Kjøtprodukta vert selde som frysevarer med haldbarheit på inntil eitt år. Når du tek imot ei levering, har produkta minst tre månader att av haldbarheita.

Ein detaljert oversikt over haldbarheit og minste salstid pr. produkt finn du i prislista og produktarket.


Torheim Gard AS · Skåre, 6798 Hjelledalen · post@torheimgard.com · torheimgard.com

Wholesale Terms and Product Information

Torheim Gard · 2026


Delivery and Shipping Terms

For us to deliver, the order size must be at least NOK 2,000.

  • Customers with delivery addresses in postcode 6798: Always free shipping.
  • Customers outside postcode 6798: Flat rate of NOK 600 per delivery. Free shipping on orders over NOK 5,000.

Smaller orders (under NOK 2,000) can be picked up at the farm shop by arrangement.


Organic Certification

Our farm is run entirely organically. All production is approved by Debio, with one exception: pork.

Our pigs are raised outdoors and fed organic feed, but they are not certified because we buy piglets from a conventional herd. This is due to a lack of organic piglet availability in our area — a situation we are working to resolve.

Our entire product range is registered with Debio. Several of the meat products do not receive the Debio stamp because the pigs are not certified. We still use organic spices in all our meat products, and this is clearly indicated in the ingredient list.


Ingredients and Transparency

Torheim Gard stands for open and transparent production — both primary and secondary. It's important to us that everyone knows what the food contains and how it is made.

The raw materials come, as far as possible, from the farm itself, or from producers we know. If you or your customers have questions — about origin, process, ingredients, or anything else — we are available and happy to answer.


Additives

We aim to offer foods with as little processing and as few additives as possible. Most of our range is built from pure raw materials alone.

When we do use additives, there is always a specific reason. Here is the full overview:

Substance Function Used in
Potato starch Binds fat and moisture Meat products (sausages, burgers, pâté)
Sulfite Prevents oxidation and vinegar formation Cider
Ascorbic acid (Vitamin C) Preserves the natural color from the berries Hagebris
Citric and malic acid pH regulator Mainly Hagebris, Louisiana Lemonade, and Humlevatn — may also occur in cider

Shelf Life

Meat products are sold frozen with a shelf life of up to one year. When you receive a delivery, the products have at least three months of shelf life remaining.

A detailed overview of shelf life and minimum sales time per product can be found in the price list and product sheet.


Torheim Gard AS · Skåre, 6798 Hjelledalen · post@torheimgard.com · torheimgard.com