Grønsakshagen
  • Markedshagen blir driven økologisk og regenerativt, med fokus på levande jord og mangfald. Vi dyrkar grønsaker, urter og blomstrar i faste bed, utan pløying, og legg vekt på skånsam jordhandsaming for å bevare strukturen og mikrolivet i jorda.

    Gjennom bruk av kompost, plantedekke og vekstskifte byggjer vi opp næring og jordhelse over tid. Produksjonen følgjer sesongane, og utvalet varierer gjennom året. Målet er grønsaker med høg kvalitet, god lagringsevne og tydeleg smak.

  • Vi dyrkar over 40 varianter grønsaker, i tillegg til urtar og spiselige blomstrar. Vi dyrkar frå 2026 også jordbær, bringebær, rabarba og hageblåbær. Alt sjølvsagt økologisk.

  • Grønsakane våre finn du i eiga gardsbutikk og i REKO-ringen Stryn, Nordfjordeid og Volda/Ørsta.

Epleproduksjon
  • Eplehagen vår blir driven økologisk, med fokus på langsiktig plantehelse, robuste tre og råvarer med høg kvalitet. Vi arbeider førebyggande og skånsamt, og nyttar ikkje koppar i produksjonen – sjølv om dette er tillate innan økologisk drift. Valet er basert på omsyn til jordliv, mikroorganismar og heilskapleg økosystem i hagen.

    Vi legg vekt på artsmangfald, god lufting i trekronene og ein naturleg balanse mellom vekst og avling.

  • I hovudhagen har vi ei samansett samling eplesortar som gir breidde i smak, syre, aromabilde og modningstid. Desse sortane nyttar vi i våre produkt:

    • Transparente Blanche

    • Filippa

    • Summered

    • Gravenstein

    • Prins

    • Céline

    For å supplere eigen produksjon kjøper vi også inn økologiske eple frå Flo, hovudsakleg sortane Discovery og Aroma.
    På garden har vi òg ein mindre testhage, der vi prøver ut nye eplesortar for framtidig bruk. Her står det ti tre av kvar sort, på M9-stamme:

    • Red Foxwhelp

    • Ellis Bitter

    • Witos

    • Belfi de Lemange

    • Yarlington Mill

    • Discovery

    Testhagen gir oss høve til å bli kjend med sortane over tid – korleis dei trivst i vårt klima, korleis dei smakar, og kva potensial dei har i sider og annan foredling. Dette er ein viktig del av det langsiktige arbeidet vårt med eple og sider.

Grisene
  • Grisane våre blir drivne økologisk og får gå ute store delar av året. Dei har tilgang på beite, jord og plass til å utøve naturleg åtferd som roting, bevegelse og kvile. Drifta er tilpassa årstidene og landskapet, med fokus på dyrevelferd, robuste dyr og råvarer av høg kvalitet.

  • Dyrevelferd er grunnleggjande i grisedrifta vår. Målet er at grisane skal oppleve tryggleik, ro og moglegheit til å utøve naturleg åtferd gjennom heile året. Difor legg vi stor vekt på plass, miljø, sosialt samvær og tett oppfølging i kvardagen.

    I sommarhalvåret går grisane ute på skogsbeite, der dei sjølve kan velje mellom sol og skugge, aktivitet og kvile. Dei har tilgang på frisk luft, vatn og jord å rote i – noko som gir både fysisk aktivitet og mental stimulering. Dette bidreg til rolege dyr med låg stressbelastning.

    Når vinteren kjem og forholda blir meir krevjande, tek vi grisane inn. Der ligg dei tørt og lunt i rikeleg med halm, og får dagleg tilførsel av nytt strø, rotemateriale og enkle leiker. Sosial kontakt med både artsfrendar og folk er ein viktig del av kvardagen, og vi er tett på dyra fleire gonger dagleg for tilsyn og stell.

  • Grisane våre får økologisk kraftfor i tillegg til brødmat frå eit lokalt bakeri. Dei småspiser frå det dei finn uti naturen og får rester frå både epleproduksjon og ikkje minst i frå grønsakshagen.

Saudene
  • Sauene våre blir drivne økologisk og grasbasert, i tett samspel med landskapet og årstidene. Beitebruk er grunnlaget for drifta, og dyra nyttar både innmarks- og utmarksressursar gjennom året. Som ein del av sommarbeitet går sauene på setra i Skjeringsdalen frå juni til slutten av august, der dei beitar fritt i fjellandskapet.

    Drifta er tilpassa naturlege rytmar, med fokus på robuste dyr, god helse og effektiv utnytting av lokale ressursar. Målet er ei enkel og oversiktleg drift som gir dyra gode vilkår – og råvarer av høg kvalitet.

  • Dyrevelferd står sentralt i sauehaldet vårt. Sauene har tilgang på uteareal heile året og kan sjølve velje mellom inne- og uteopphald etter vêret og eigne behov. Inne ligg dei tørt og reint på halm, med god plass og rolege forhold.

    Vi legg vekt på låg stressbelastning, sosial ro i flokken og tett oppfølging i kvardagen. Dyra blir handterte roleg og med minst mogleg inngrep. God velferd handlar for oss om førebygging og oversikt – ikkje om raske løysingar.

  • Sauene er 100 % grasfôra, basert på beite, høy og surfôr av god kvalitet. Bruk av kraftfôr er svært avgrensa og skjer berre ved behov, til dømes for å lokke dyr eller ved sjukdom.

    Vi har eit bevisst forhold til helse og medisinbruk. Antibiotika blir berre brukt når det er heilt nødvendig, og dyr som har fått antibiotikabehandling blir aldri nytta i kjøtforedling eller tekne tilbake i produksjon. Dette er eit aktivt val for å redusere antibiotikabruk og sikre reine, sunne råvarer.

Bigard
  • Biene våre står på to ulike stader på garden — nokre tett ved eplehagen, og nokre i utkanten av skogen. Slik får dei tilgang på variert trekk gjennom sesongen, frå fruktblomstring og bær til ville vekstar, urter og blomster.

    Vi har kubene tett på oss og følgjer biene jamleg gjennom sesongen. Målet er ei roleg og skånsam drift, der vi tek godt vare på bifolka og berre haustar honning når det finst eit naturleg overskot.

    I grønsakshagen og vandrehagen plantar vi mykje som blomstrar til ulike tider, slik at biene — og andre pollinerande insekt — har mat gjennom heile sesongen. På den måten er biene ein naturleg del av kretsløpet på garden.

    Vi legg vekt på artsmangfald, god lufting i trekronene og ein naturleg balanse mellom vekst og avling.

Foredling 
  • Grønsakene våre blir dyrka i småskala marknadshage, med stor vekt på smak, friskheit og sesong. Vi sel ferske grønsaker i gardsbutikken og gjennom REKO-ringane i distriktet, når dei er på sitt beste.

    Ein del av avlinga blir også foredla vidare til sylta og fermenterte produkt. Her jobbar vi med balansen mellom syre, sødme, tekstur og krydder — slik at råvara framleis får vere hovudpersonen. Kål, rotgrønsaker, urter, blomar og eple frå garden kan bli til produkt som løftar eit måltid, men som framleis smakar tydeleg av jord, sesong og handverk.

  • Kjøtet vårt kjem frå eigne lam og grisar, i tillegg til storfe frå utvalde bønder i nærområdet. Vi jobbar med heile dyret og foredlar råvarene vidare til produkt med mykje smak, god struktur og tydeleg handverk.

    Vi legg mykje arbeid i eigne oppskrifter, krydderblandingar og produksjonsmetodar. Pølser, burgerar, bacon, spekemat, pinnekjøt, kjøtdeigprodukt og stykningsdelar blir utvikla med smak i førarsetet — inspirert av både norske mattradisjonar og smakar vi har lært å kjenne ute i verda.

  • Epla er ei av dei viktigaste råvarene våre. Frå blomstringa om våren til pressing og foredling om hausten, følgjer vi frukta tett gjennom sesongen. Epla blir brukte til sider, eplemost, eplesidereddik, eplesaus og andre små produkt frå frukthagen.

    Vi brukar også eple som ingrediens i nokre av dei grøne foredlingsprodukta våre, mellom anna i ein av våre sauerkraut. Der gir epla friskheit, naturleg sødme og djupne til fermenteringa. Smaken varierer med sort, modning, vêr og årgang — og nettopp det gjer epleforedlinga levande.

  • Bæra våre blir primært dyrka til drikkevareproduksjon og ferskt sal i sesong. Når bæra er på sitt mest aromatiske, brukar vi dei også i små batchar med syltetøy, saft og andre spesialprodukt.

    Bærprodukta våre er ikkje masseproduksjon, men små sesonguttrykk — laga når råvara, smaken og mengda er rett. Bringebær, jordbær og andre bær kan gi intense, korte glimt av sommaren, anten som ferske bær i gardsbutikken eller som foredla produkt med djup farge, frisk syre og rein bærsmak.